Nyttårshelsing
frå ordføraren i Fitjar
Når det kjem oppturar er det lett å kasta seg på vinnarlaget. Eg håpar me kan henta fram det same engasjementet og gode samhaldet når me opplever meir krevjande tider. Me treng å stå saman for å støtta dei som treng hjelp når krisene rammar. Det gler meg å sjå at folket i Fitjar tek dette på alvor, m.a. i måten flyktningane frå Ukraina er mottekne på, og nasjonal topp-plassering i TV-aksjonen 2022.
Den 11. september 2023 er det val på nytt kommunestyre i Fitjar. Ytringsfridomen og demokratiet er av dei viktigaste verdiane me har i samfunnet. Dei verdiane bør me alle slutta opp om og bruka aktivt. Eg håpar at mange vil engasjera seg ved å stilla på listene som skal brukast ved valet i Fitjar til hausten. Lokalpolitikk er viktig, lærerikt og engasjerande. I tillegg vert ein kjent med, og får samarbeida med masse kjekke folk.
No om dagen er dei lokale partia i ferd med å få tak i gode kandidatar til å sitja i kommunestyret dei neste fire åra. Eg oppmodar til å sei ja om du skulle få spørsmål om å stå på ei liste. Om du ikkje har fått spørsmålet er det berre å melda seg til teneste av eige initiativ.
Eg vil ynskja innbyggjarar, hyttefolk og andre vener av Fitjar eit godt nytt år!
Saman skal me få gode ting til å skje i Fitjar gjennom året 2023.
Harald Rydland
Ordførar i Fitjar kommune
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar