Politisk måldokument 2019 - 2023



POLITISK MÅLDOKUMENT FOR FITJAR 2019 - 2023





Fitjar KrF, Fitjar SP og Fitjar FrP har utarbeida dette måldokumentet for å få synleggjort ein del av dei politiske sakene partane vil arbeida med gjennom kommunestyreperioden.

1.  RAMMER FOR DET POLITISKE ARBEIDET
ü  Rammene for det politiske arbeidet er forankra i kommunelova og lokale reglement for kommunestyret og dei ulike utvala
ü  Kommunestyregruppene og representantane må ha vide fullmakter frå partilaga for å utøva det politiske arbeidet i utvala og kommunestyret. Gruppeleiarane har ansvar for å samordna det politiske arbeidet mellom partigruppene.
ü  Det skal ved behov haldast politisk leiarmøte der ordførar, varaordførar, leiar i utval for oppvekst og omsorg og leiar i utval for plan og miljø deltek.  På desse møta skal arbeidet i dei folkevalde organa planleggjast. Ordførar kallar inn til desse møtene
ü  Ordførar, varaordførar og utvalsleiarane sine rollar gjer at dei må ha høve til å uttala seg til media o.l., utan å ha klarert det som skal seiast med andre på førehand
ü  Dei tre partia som har utarbeida dette politiske måldokumentet har fleirtal i Fitjar kommunestyre. Partia vil likevel arbeida for eit godt tverrpolitisk samarbeid i kommunestyret, der alle representantane skal kjenna seg verdsette og kunna forvalta tilliten dei har fått frå veljarane på ein god måte
ü  Partane har som mål å kunna stå saman i arbeidet med å laga budsjett- og økonomiplan.  I andre saker skal partane prøva å komma fram til semje før saka skal avgjerast i folkevald organ


2.   POLITISKE SAKER SOM PARTANE VIL ARBEIDA MED

Partane vil arbeida for å ta vare på alle dei gode tilboda me har i Fitjar, og utvikla dei vidare der det er økonomisk handlingsrom og forholda elles ligg til rette for det.  Difor er ikkje alle dei gode tilboda me har i Fitjar, og som fungerer godt, teke med i opplistinga nedanfor.  I opplistinga  er det teke med eit utval av saker som partane vil setja på dagsorden og arbeida med i løpet av perioden. Sakene er ikkje sett opp i prioritert rekkjefølgje.  Arbeidet med dei politiske sakene må gjennomførast i tett dialog med rådmannen, slik at ein sikrar rett prioritering når det gjeld bruk av administrative ressursar, og god kvalitet på saksbehandlinga.

Utval av politiske saker:

Samferdsel og infrastruktur
ü  Me vil arbeida for at Fitjar sentrum skal vera ein triveleg og god stad for bustader, næring, tenestyting, kulturaktivitetar og eit allsidig handelstilbod   
ü  Me vil arbeida for å få på plass signalstopp for snøggbåten på Fitjar
ü  Me vil sjå på ny vegløysing for Sælevikkrinsen
ü  Me vil arbeida for å få betre mobildekning i deler av kommunen
ü  Me vil arbeida for busstilbod som er fleksible og tilpassa brukarane sine behov
ü  Me vil gjennomføra arbeidet med hovudplan for vatn- og avlaup, og vurdera om det kan liggja til rette for vidare utbygging av vassverket til Osternes og Sandvikvåg


Næringsliv
ü  Me vil sjå til at utbyggjarar og næringsdrivande møter positive og gode haldningar når dei søkjer kommunen om hjelp, me skal vera ein JA-kommune
ü  Me vil bruka Plan- og bygningslova til å støtta positive tiltak for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjonar    
ü  Me vil støtta etablerarar som har forretningsidear som kan skapa aktivitet og nye arbeidsplassar i Fitjar
ü  Me vil halda fram med å legge til rette for meir industri og nye arbeidsplassar i Fitjar, både til lands og til vanns
ü  Me vil arbeida for å utvikla eksisterande industriområde, samt leggja til rette for nye industriområde i kommunen
ü  Ved eventuelle utbyggingar vil me så langt råd er unngå nedbygging av matjord. I dei tilfella der matjord likevel vert bygd ned,  vil me laga planar og avtalar som gjer at matjord kan flyttast og komma til nytte i jordbruksproduksjon.
 

Bustadpolitikk
ü  Me vil leggja til rette for bustadbygging i krinsane og sentrum gjennom rullering av arealdelen til kommuneplanen
ü  Me vil prøva å finna ordningar som opnar for at folk kan bruka hytta som heilårsbustad på nærare fastsette vilkår


Kultur og fritid
ü  Me vil arbeida for god tilkomst og gode anlegg for utøving av friluftsliv i øyane og på fjellet
ü  Me skal ta vare på det frivillige arbeidet i kommunen, samt leggja til rette for frivillig aktivitet gjennom blant anna tilskot til lag og organisasjonar
ü  Me vil vera ein pådrivar i arbeidet for å få etablert e-sportsenter i Fitjar

  

Oppvekst og omsorg
ü  Me vil leggja til rette for at foreldre som ynskjer det kan ta aktivt del i barna si symjeopplæring
ü  Me vil arbeida for å få på plass tannhelsetilbod i Fitjar gjennom offentleg og privat samarbeid
ü  Me vil sjå på om det kan etablerast tilbod om varig tilrettelagde arbeidsplassar i Fitjar
ü  Me vil arbeida for at det kan etablerast eit tilbod om «Grøn omsorg» som ein del av psykiatri/sosiale tenester
ü  Me vil prøva å få etablert gode ordningar for meir brukarmedverknad i helse- og omsorgstenestene
ü  Me vil sjå på om grunnbemanninga i helsesektoren kan aukast for å spara innleige av vikarar
ü  Me vil arbeida for godt rusførebyggjande arbeid, og ei god og respektfull rusomsorg




Andre saker
ü  Me vil sjå på om utvida samarbeid med andre kommunar eller private aktørar kan gje rimelegare og betre tenester for innbyggjarane
ü  Me vil fremja godt samarbeid mellom kommunen, næringslivet og frivillig sektor for å få gjennomført gode prosjekt for fellesskapet
ü  Me vil føra ein aktiv arbeidsgjevarpolitikk for å fremja godt arbeidmiljø og gode vilkår for dei tilsette i kommunen
ü  Me skal få på plass direktesending (streaming)  frå kommunestyremøta i løpet av første del av perioden
ü  Me skal legga til rette for at ungdomsrådet skal få gode arbeidsvilkår med tette band til lokalpolitikarane
ü  Me skal oppgradere sanitærforholda og andre deler av friluftsanlegget i Breiavikjo
ü  Me vil at administrasjonsutvalet skal vera ein god arena for møte mellom politikarane og dei tilsette i kommunen
ü  Me vil arbeida aktivt for å nå målet om lågare sjukefråvær mellom dei tilsette i kommunen
ü  Me vil at eigedomsskatten skal haldast på eit lågast mogleg nivå
ü  Me vil at kommunen skal ha ein plan/avtale som seier at ingen kommunale gatelys skal vera ute av drift lenger enn 4-5 veker frå feilen er innmeldt
ü  Me vil sjå på om det er råd å få etablert ein tømmestasjon for bubilar i sentrumsnært område
ü  Me vil behalda MOT programmet i inneverande periode
ü  Me vil at Fitjar kommune skal følgja nasjonale retningslinjer for skjenking og alkoholpolitikk

Partane er samde om at dette dokumentet kan gjerast offentleg kjent og at måldokumentet kan endrast og oppdaterast ved behov.





HELSING FRÅ ORDFØRAREN I FITJAR KOMMUNE SI ÅRSMELDING FOR 2019







HELSING FRÅ ORDFØRAREN

 I FITJAR KOMMUNE SI ÅRSMELDING FOR 2019


Gode Fitjarbuar, hytteeigarar og alle fitjarvener.
Fitjar kommune, med dei folkevalde representantane og sine 340 tilsette, har lagt bak seg enno eit år for å gje gode tenester til folket.  Nedanfor kan du lesa om noko av det som hende i kommunen i 2019.

Kommunevalet
Fitjar kommune skal vera arena for eit aktivt og godt lokaldemokrati, der folket skal styra gjennom representantar som er valde inn i kommunestyret. Ved kommunevalet sist haust var me 2438 personar som hadde stemmerett i Fitjar. Av desse var det 71 % som nytta seg av retten, medan talet nasjonalt var 65 %. Det er positivt at folk framleis ser meining i å vera med å påverka kven som skal styra kommunen dei neste fire åra.
Det nye kommunestyret tok til i tenesta den 16. oktober Eg vil her retta ei stor takk for innsatsen til ordførar Wenche Tislevoll og dei andre kommunestyremedlemane som gjekk ut av lokalpolitikken dette året
Eg er stolt og audmjuk av å ha fått tillit til å vera ordførar for denne flotte kommunen. Saman med dei 16 andre dugande og engasjerte medlemene i kommunestyret håpar eg å kunna vera med å bidra til trivsel, aktivitet og god utvikling for Fitjarbygda.

Eit utval av hendingar å gleda seg over
Mykje positivt har hendt i Fitjar kommune i 2019.  Eg har teke med eit lite utval:
·       Godt økonomisk resultat
·       Redusert sjukefråvær
·       Ny fløy på sjukeheimen
·       Miljøgate gjennom sentrum
·       Tankbil for brann- og redning
·       Nytt dekke på kunstgrasbanen
·       Restaurering på Smedholmen
·       Ladestasjonar for El-bilar
·       Siger i kampen om Fitjar vgs.
·       Høg aktivitet i næringslivet
·       Stor innsats i frivillig sektor

Fitjar framover
Eg er optimistisk når det gjeld Fitjar kommune si framtid. Lokalsamfunnet vårt, og Sunnhordlands-regionen som me er ein del av, har svært mykje godt å byggja på. Me har gode offentlege og private tenester, rikt næringsliv og eit mangfald av arbeidsplassar rundt oss. Det manglar heller ikkje på gode plassar å bu, eller kultur- og fritidsaktivitetar.
Alt dette gjer at eg med stort frimod driv Fitjar-reklame mot unge familiar og andre som vil ha ein god stad å bu. Eg håpar alle som er glade i Fitjar kan vera med og tala vel om bygda vår. Det kan faktisk vera med å påverka korleis utviklinga hos oss vert framover.

Dei som gjer jobben
Dei som går inn og les heile årsmeldinga til kommunen, vil sjå at Fitjar kommune som organisasjon har eit svært omfattande arbeidsfelt. Det skal leverast livsviktige og gode tenester til innbyggjarane 24 timar i døgeret, kvar einaste dag, heile året. Ingenting av dette kjem av seg sjølv. Kommunen har ein stor flokk med trufaste og høgt kompetente arbeidstakarar som står på for å levera. Eg reknar med å ha alle i Fitjar med meg når eg rettar ei stor takk til rådmannen og medarbeidarane for innsatsen dei har lagt ned for folket i Fitjar gjennom året 2019.

Venleg helsing
Harald Rydland, ordførar


Nyårshelsing frå ordføraren i Fitjar


Me har nett feira overgangen til eit nytt år.  Då kan det passa seg med ei lita helsing frå meg som er så heldig at eg har fått tillit til å vera ordførar for denne flotte kommunen.   Sidan valet i haust har eg hatt det travelt, men kjekt.

Det nye kommunestyret har fått etablert seg på ein god måte. Arbeidet er prega av høg tillit, engasjement og godt samarbeid.  Kommunestyret har vedteke eit budsjett som viser optimisme og framtidstru for Fitjarbygda. Sjølv om det er knytt ein del uvisse til kommuneøkonomien framover, ynskjer kommunestyret å få fram at det er viktig å halda på dei gode tilboda me har i Fitjar så lenge det let seg.   No ser me fram til eit nytt år med mange spennande oppgåver som ligg og ventar på oss. Ta kontakt med meg eller andre i kommunestyret om du har ei sak me bør sjå på.

Eg meiner at me som får bu i Fitjar er heldige.  Noreg vert samla sett rekna for å vera det beste landet i verda å bu i, og me i Fitjar har det slett ikkje dårlegare enn folk elles i landet.  No er det likevel slik at me alle har både gode og dårlege dagar i liva våre. Nokre slit med både det eine og andre, og har langt fleire dårlege enn gode dagar.  Eg håpar me som bur i Fitjar i året 2020 vil støtta og hjelpa kvarandre slik at dei dårlege dagane vert færre.  Det er ikkje alltid så mykje som skal til for å gjera dagen eit hakk eller to bedre for ein som treng vår støtte.

Til slutt vil eg gje eit godt råd. Dersom du ikkje har fått med deg Kongen sin tale på nyttårsafta og barnebarnet hans, Maud Angelica, sin minnetale for far sin, bør du henta dei fram og ta dei til deg.  Dei to talane er ei oppkomme av kloke ord og livsvisdom.
 
Eit godt nytt år vil eg ynskja til alle!

 

Venleg helsing Harald Rydland





Utsikt frå Storhaugen         Foto: Kjetil Rydland


 

 

Takk for tilliten

No er eg i gang som ordførar!

Tusen takk for at eg har fått tillit til å vera ordførar i Fitjar kommune dei neste fire åra.  Eg er stolt av  å få lov til å vera i teneste for denne flotte bygda og alle som bur og oppheld seg her.

Eg skal vera ordførar for alle i Fitjar, uavhengig av om du har gitt meg stemma di, eller om du har andre meiningar og synspunkt enn meg.  Dersom eg skal få gjort noko som ordførar treng eg å samarbeida med alle dei gode kreftene me har i bygda vår, inkludert dei dyktige medlemane som er valde inn i kommunestyret og alle tilsette i kommunen som står på for innbyggjarane i Fitjar.

Den første heile veka som ordførar er no over, og kommunen er heldigvis framleis oppegåande.  Det går nokre dagar å køyra seg inn i ordførarrollen, men  alt førre tysdag var eg, rådmannen og helsesjefen i Oslo for å tala kommunen si sak hos kommunalministeren og på Stortinget.  Her er det viktig å vera frampå.  Elles har eg fått vera med på mange kjekke aktivitetar her heime på Fitjar.  Laurdag kveld hadde Øvrebygda 4H ein flott haustfest der me fekk sett alt det gode arbeidet dei driv gjennom året

Eg er ikkje av dei som er flinkast og mest aktiv i sosiale medier.  Likevel håpar eg det skal vera råd å vera ein tilgjengeleg og god ordførar.  Aller best likar eg å snakka direkte med folk på ulike møteplassar. Alt denne veka har eg fått helsa på fleire nye Fitjarbuar som eg ikkje kjende etter før.

Dersom du vil ha kontakt med meg  vil eg vera tilgjengeleg på telefon, SMS og e-post så langt som det let seg.  Må eg ha telefonen på lydlaust og ser at nokon har ringt, prøver eg å ringa tilbake.

Denne bloggen som du les no vil eg prøva å halda oppdatert og bruka til å melda tilbake om det eg får vera med på som ordførar.  Det er flott om du legg inn kommentarar eller kontaktar meg for ein prat.

No ser eg fram til alle dei spennande oppgåvene som ligg og ventar.  Eg er klar for å gå laus på dei.

P.S.  Me har fått melding frå Vegvesenet at den kvasse fartshumpen ved Fitjar bedehus skal fiksast så snart det let seg.

Me snakkast.

Venleg helsing Harald











Fitjar KrF sitt valprogram for arbeidet i kommunestyret dei neste fire åra.

 

KrFs logo i png

 

 

SAMAN FOR DEN GODE BYGDA

 

 

 

 

KRF SI LISTE

Fitjar KrF stiller ved dette valet ei liste med  mange gode kandidatar som kan visa til stort engasjement innan organisasjonsliv og frivillig arbeid. Fleire av kandidatane har brei erfaring frå politisk arbeid, medan andre kan bidra med fornying i det politiske arbeidet. Kandidatane har no lyst til å bruka tid og krefter for Fitjarbygda og folket som bur her, gjennom ein plass i kommunestyret.

 

ORDFØRARKANDIDATEN

Me i Fitjar KrF meiner at den beste ordførarkandidaten til å vera med å styra Fitjar dei neste fire åra er Harald Rydland.
  • Harald har lang erfaring som politikar, og er godt kjent i Fitjar kommune.
  • Han har utdanning og lang arbeidserfaring innan økonomi, og har tileigna seg god innsikt i kommuneøkonomien
  • Han har eit stort kontaktnett lokalt, regionalt og nasjonalt som vil koma Fitjarbygda til gode
  • Han har hatt mange leiarverv i ulike organisasjoner, noko som gjer at han har eit breitt kunnskapsfelt
  • Han er tydeleg på at han står i sentrum av norsk politikk, og dermed kan samarbeida til begge sider i politikken
  • Harald er ein positiv og løysingsorientert person som det er lett å samarbeida med.
  • Me vil oppfordra deg til å stemma på KrF og Harald Rydland ved valet den  9. september

POLITIKK

I Fitjar er me heldige og kan visa til svært godt  samarbeid mellom kommunen, det lokale
næringslivet og dei frivillige organisasjonane. Dette er av stor verdi for å driva og utvikla eit godt lokalsamfunn. Fitjar KrF og ordførarkandidaten vår vil arbeida for å fremja dette gode fellesskapet.
Fitjar kommune skal vera ein så attraktiv stad for unge familiar, at dei vel å busetja seg her. Slik Fitjar KrF og ordførarkandidat Harald Rydland ser det, er dette eit overordna tema som må gå igjen i alt arbeid som kommunestyret driv med. Lukkast me med dette, vil bygda vår vera sikra ei god framtid, og det vil vera godt for folk i alle aldrar å bu i Fitjar. Fitjar KrF vil i det politiske arbeidet ha fokus på  fire områder (4G) som bidreg til å sikra bulyst,  aktivitet og trivsel:
  • Gode plassar å bu
  • Gode arbeidsplassar og rikt næringsliv
  • Gode offentlege tenester og tilbod
  • Gode tilbod innan kultur- og fritidsaktivitetar
Fitjar kommune har alt mykje godt å visa til på alle desse områda. Fitjar KrF vil arbeida for å ta vare på, og vidareutvikla alt det me har av gode tenester og tilbod i Fitjar. Gjennom arbeidet i kommunestyret, og i samarbeid med andre aktørar, vil KrF sine kandidatar ta tak i fleire gode idear og saker som kan gjera Fitjarbygda enno meir attraktiv og framtidsretta.

For ein del av tIltaka må me ta atterhald om at kommuneøkonomien tillet at dei vert gjennomført, medan andre tiltak kan vera med å styrka kommuneøkonomien, både direkte og indirekte. Innafor dei ulike områda vil me nemna ein del saker som me i Fitjar KrF, forhåpentleg vis i samarbeid med andre politiske parti, vil arbeida for i neste kommunestyre- periode.

Gode plassar å bu

  • Me vil leggja til rette for fine bustadtomtar i krinsane og sentrum gjennom snarlig rullering av arealdelen av kommuneplanen.
  • Me vil opna for at folk kan bruka hytta som heilårs- bustad på nærare fastsette vilkår
  • Me vil fylgja opp hovudplanen  for vatn- og avlaup som er under utarbeiding, og syta for at kommunen til ei kvar tid leverer vatn av høg kvalitet

Gode arbeidsplassar og rikt næringsliv 

  •  Me vil at kommunen skal visa ei positiv haldning overfor etablert næringsliv og dei som kan tenkja seg å starta ny næring i Fitjar
  • Me vil prøva å finna  areal som er godt eigna til næringsføremål i arbeidet med arealdelen av kommuneplanen 
  • Me vil arbeida for eit strengt vern av dyrka jord, og for at det vert krevd nydyrking eller flytting av matjord ved nedbygging av dyrka areal
  • Me vil leggja til rette for at ei berekraftig havbruksnæring skal få tilgang til gode lokalitetar og vilkår i Fitjar
  • Me vil at alle veksemder som tek oppdrag for Fitjar kommune skal ha tilbod om tariffavtale for sine tilsette
  • Me vil arbeida for eit triveleg sentrum med med gode tilbod innan handel og service, og nok parkeringsareal for dei som skal handla og har andre ærend i sentrum
  • Me vil at noko av den summen som kommunen set av til næringsføremål skal kunna brukast til å støtta etablerarar med leige av kontorlokaler o.l.

Gode offentlege tenester og tilbod

Helse og omsorg

  • Me vil at kjøkkendrifta på sjukeheimen skal halda fram
  • Me vil arbeida for meir brukarmedverknad i helse- og omsorgstenestene, etter modell frå skule, barnehage og prøveprosjektet på sjukeheimen 
  • Me vil arbeida for å få tilbake eit godt tannhelsetilbod i Fitjar gjennom offentleg/privat samarbeid
  • Me vil arbeida for å få på plass eit tilbod om varig tilrettelagte arbeidsplassar i Fitjar 
  • Me vil arbeida for at det kan etablerast eit tilbod om «Grøn omsorg» i tilknytning til eit småbruk i Fitjar
  • Me vil arbeida for at Fitjar kommune skal ha ei god og respektfullt rusomsorg
Skule og barnehage
  • Me vil arbeida for ta vare på grendaskulane så lenge det er elevgrunnlag som sikrar eit godt pedagogisk tilbod
  • Me vil syta for at det til ei kvar tid er tilgang på nok barnehageplassar i kommunen
  • Me vil gjera alt med kan for å påverka til at Fitjar  vidaregåande skule skal vidareførast og få utvikla  seg til ein framtidsretta skule
  • Me vil syta for god symjeundervisning i skulen, og  leggja til rette for at foreldra kan engasjera seg i  borna si symjeopplæring
  • Me vil arbeida for gode og effektive tiltak for å  hindra mobbing

Kommunalt og regionalt samarbeid

  • Me vil arbeida for interkommunalt, regionalt eller privat samarbeid på område der kommunen åleine ikkje er i stand til å levera gode nok tenester for innbyggjarane
  • Me vil støtta opp om Samarbeidsrådet, som vil verta ein viktig aktør for Sunnhordlandskommunane  framover

Kommuneøkonomi

  • Me vil arbeida for at kommunen skal ha ein stabil og god økonomi
  • Me vil arbeida for at det ikkje skal vera høgare  kommunale avgifter og gebyr i Fitjar enn kommunar det er naturleg å samanlikna seg med

Gode tilbod innan kultur- og fritidsaktivitetar

  • Me vil at Kommunen skal støtta positive tiltak som eldsjeler og frivillige organisasjonar driv innan kulturlivet i Fitjar
  • Me vil snarast ferdigstilla arbeidet med kommuneplanen for Fitjarøyane, for å stimulera til berekraftige aktivitetar innan næring, kultur og friluftsliv
  • Me vil at kommunen skal støtta tiltak som framhevar den rike lokalhistoria i me har i Fitjar 
  • Me vil arbeida vidare med tiltaksplanen for Fitjar- fjellet for å fremja folkehelse og friluftsliv i kombinasjon med næring
  • Fitjar KrF vil arbeida for at det ikkje skal komma fleire vindmøller i Fitjarfjellet.

Gje stemma di til Fitjar KrF den 9. september. 

Då gjer du eit godt val!