Takk for tilliten

No er eg i gang som ordførar!

Tusen takk for at eg har fått tillit til å vera ordførar i Fitjar kommune dei neste fire åra.  Eg er stolt av  å få lov til å vera i teneste for denne flotte bygda og alle som bur og oppheld seg her.

Eg skal vera ordførar for alle i Fitjar, uavhengig av om du har gitt meg stemma di, eller om du har andre meiningar og synspunkt enn meg.  Dersom eg skal få gjort noko som ordførar treng eg å samarbeida med alle dei gode kreftene me har i bygda vår, inkludert dei dyktige medlemane som er valde inn i kommunestyret og alle tilsette i kommunen som står på for innbyggjarane i Fitjar.

Den første heile veka som ordførar er no over, og kommunen er heldigvis framleis oppegåande.  Det går nokre dagar å køyra seg inn i ordførarrollen, men  alt førre tysdag var eg, rådmannen og helsesjefen i Oslo for å tala kommunen si sak hos kommunalministeren og på Stortinget.  Her er det viktig å vera frampå.  Elles har eg fått vera med på mange kjekke aktivitetar her heime på Fitjar.  Laurdag kveld hadde Øvrebygda 4H ein flott haustfest der me fekk sett alt det gode arbeidet dei driv gjennom året

Eg er ikkje av dei som er flinkast og mest aktiv i sosiale medier.  Likevel håpar eg det skal vera råd å vera ein tilgjengeleg og god ordførar.  Aller best likar eg å snakka direkte med folk på ulike møteplassar. Alt denne veka har eg fått helsa på fleire nye Fitjarbuar som eg ikkje kjende etter før.

Dersom du vil ha kontakt med meg  vil eg vera tilgjengeleg på telefon, SMS og e-post så langt som det let seg.  Må eg ha telefonen på lydlaust og ser at nokon har ringt, prøver eg å ringa tilbake.

Denne bloggen som du les no vil eg prøva å halda oppdatert og bruka til å melda tilbake om det eg får vera med på som ordførar.  Det er flott om du legg inn kommentarar eller kontaktar meg for ein prat.

No ser eg fram til alle dei spennande oppgåvene som ligg og ventar.  Eg er klar for å gå laus på dei.

P.S.  Me har fått melding frå Vegvesenet at den kvasse fartshumpen ved Fitjar bedehus skal fiksast så snart det let seg.

Me snakkast.

Venleg helsing Harald