Fitjar gjer det godt i kommune-NM

 



Kommunal Rapport, som er Kommunenes Sentralforbund si avis, arbeider ut noko dei kallar for kommunebarometeret.  Her vert dei 430 kommunane i Noreg rangerte etter kor god tenesteproduksjon dei har, sett i forhold til inntektene dei har til disposisjon.  D.v.s kor mykje tenester dei får ut av kvar krone.  Sjølv om det kan vera feil i all statistikk, meiner Kommunal Rapport at deira barometer er ganske treffsikkert og gjev eit godt bilete av kor godt ein kommune vert driven.

På grunnlag av tala  for 2010 ligg Fitjar kommune på 44.-plass av alle kommunane i landet.   I Hordaland ligg Fitjar på 3.-plass, litt bak Sveio og Fusa.

Det kommunane vert målt på i denne undersøkinga er m.a. grunnskule, pleie og omsorg, barnehage, økonomi og administrasjon.  Det vert delt ut karakterar frå 1 til 6.  Fitjar får karakteren 6 for pleie og omsorg og 5  for grunnskule, barnehage og økonomi.  Fitjar har fått samlekarakter på 6 til slutt i undersøkinga saman med 71 andre  kommunar.  Dei 70 kommunane som kjem dårlegast ut i rangeringa har fått samlekarakter på 1.

I Fitjar kommune er det framleis eitt og anna som kan gjerast betre, men på bakgrunn av denne  undersøkinga må me vel kunna sei at Fitjar er ein veldriven kommune, der innbyggjarane får levert gode tenester til ein akseptabel pris.

Eg og Fitjar KrF vil gjerne halda fram arbeidet med å gjera Fitjar til ein enno bedre kommune for innbyggjarane, og håpar mange vil støtta oss i dette.


Her kan du sjølv gå inn å studera rangeringa og detaljerte tal i kommunebarometeret:

http://www.kommunal-rapport.no/category/kategori/kommunebarometeret

Fitjar er rette plassen for ny redningsskøyte i Sunnhordland

RS 114 «Bergen Kreds»



Me kan lesa i Bladet Sunnhordland fredag 24. juni at det kan verta aktuellt å stasjonera ei redningsskøyte i Sunnhordland.  Dette er ei  sak som me må samla alle gode krefter for å få løyst.  Med stor trafikk på sjøen,  trange farvatn og  krevjande opne havstykke er det heilt på sin plass å ha ei redningsskøyte  i Sunnhordland.  Rette plassen for å stasjonera  redningsskøyta er utan tvil  Fitjar.

Geografisk ligg Fitjar så godt som midt mellom Redningsselskapet sine stasjonar i Haugesund og Bergen, og svært sentralt i forhold til skjærgarden i m.a.  Austevoll, Bømlo, Fitjar, Stord og Tysnes.  Trafikken av fritidsbåtar er stor i  området heile året, men særleg på sommarstid.  Det er og stor trafikk av større båtar gjennom dei mange skipsleiene i området.  Her er farvatnet mange stader  trangt, fleire grunner manglar merking og her er opne havstykke som båtane må passera.  Med utgangspunkt i Fitjar går og eit av dei mest trafikkerte ferjesambanda på Vestlandet mellom Sandvikvåg og Halhjem.  Sambandet kryssar den svært travle skipsleia som går gjennom Langenuen.  I området er det og mange oppdrettsanlegg som held til med aktiviteten sin.

Det bør og nemnast at me i Fitjar har eit sterkt maritimt miljø med m.a. fleire kompetente verksemder som er i stand til å driva service og reparasjonar på  slike fartøy som redningsskøytene.  Ei av desse verksemdene har dei siste åra hatt fleire av redningsskøytene inne til reparasjon og oppgradering.  Til slutt vil eg ta med at Fitjar sentrum har alle dei servicefunskjonar som trengst for å ha ein god base for redningsskøyta.

På bakgrunn av dette vil me ynskje Redningsselskapet velkommen til Fitjar, Me har ein ypperleg plass for å stasjonere ei redningsskøyte.

Er det eit månelandingsprosjekt som må til i Sandvikvåg?

mastrafjord_3709
Eg reknar meg sjølv for å vera ein sindig mann som sjeldan hissar meg opp i utrengsmål. Likevel byggjer det seg opp inni meg dei gongane eg tek ferja frå Halhjem til Sandvikvåg og veit at eg skal gå i land.

Heilt sidan Fjord1 i januar 2007 tok til å driva sambandet har det vorte etterlyst sikrare forhold for passasjerar som skal gå i land frå ferja. Då ferjeleiet vart planlagt må det ha skjedd ein stor glipp. Slik det er lagt opp kjem alle gåande på land på den sida der dei ikkje har nokon ting å gjera. Så godt som alle må kryssa ferjelemmen etter at dei har gått i land, for å komma vidare til ventande bilar, bussar eller taxi.

Oftast når eg reiser med kystbussen til møte i Bergen får eg vera med på dette stunt-showet på heimvegen. Eg ber alltid mannskapet sleppa oss mjuke trafikkantar fram før bilane skal av ferja. Mannskapet er som regel positive, men likevel vert ikkje dette heilt ufarleg. Dei første bilane får gjerne køyra av ferja før matrosen og oss gåande skal forsera ferjelemmen, sjanglande mellom hissige trailarar og andre bilar som står klar i rein ”Petter Solberg –stil ” for å komma seg vidare . Eg takkar høgare makter for at det til denne tid ikkje har skjedd ulukker på ferjelemmen.

No må det takast affære for å få retta opp i denne fadesen. Lensmannen i Fitjar, ordføraren, vegvesenet, brukarane av ferja og Fjord1 sjølv, har ved fleire høve teke opp problemet og sagt at det må gjerast noko med det. Dei som eg meiner har ansvaret, er vegvesenet og Fjord1. Difor forventar eg at dei startar arbeidet omgåande. Over fire år etter at problemet vart avdekka, kan ikkje partane få meir tid til å berre tenkja og vilja. No må dei gjera noko med det.

Når statsministeren meiner nasjonen Noreg er i stand til å løysa noko som kan minna om eit månelandingsprosjekt på Mongstad, må det vera overkommeleg å justera litt på ferja og ferjelemmen i Sandvikvåg.