HELSING FRÅ ORDFØRAREN
I FITJAR KOMMUNE SI ÅRSMELDING FOR 2019
Gode Fitjarbuar, hytteeigarar og alle
fitjarvener.
Fitjar kommune, med dei folkevalde
representantane og sine 340 tilsette, har lagt bak seg enno eit år for å gje
gode tenester til folket. Nedanfor kan
du lesa om noko av det som hende i kommunen i 2019.
Kommunevalet
Fitjar kommune skal vera arena for eit
aktivt og godt lokaldemokrati, der folket skal styra gjennom representantar som
er valde inn i kommunestyret. Ved kommunevalet sist haust var me 2438 personar
som hadde stemmerett i Fitjar. Av desse var det 71 % som nytta seg av retten,
medan talet nasjonalt var 65 %. Det er positivt at folk framleis ser meining i
å vera med å påverka kven som skal styra kommunen dei neste fire åra.
Det nye kommunestyret tok til i
tenesta den 16. oktober Eg vil her retta ei stor takk for innsatsen til
ordførar Wenche Tislevoll og dei andre kommunestyremedlemane som gjekk ut av
lokalpolitikken dette året
Eg er stolt og audmjuk av å ha fått
tillit til å vera ordførar for denne flotte kommunen. Saman med dei 16 andre
dugande og engasjerte medlemene i kommunestyret håpar eg å kunna vera med å
bidra til trivsel, aktivitet og god utvikling for Fitjarbygda.
Eit utval av hendingar å gleda seg
over
Mykje positivt har hendt i Fitjar
kommune i 2019. Eg har teke med eit lite
utval:
·
Godt
økonomisk resultat
·
Redusert
sjukefråvær
· Ny fløy på
sjukeheimen
· Miljøgate gjennom
sentrum
·
Tankbil for brann-
og redning
·
Nytt dekke på
kunstgrasbanen
·
Restaurering på Smedholmen
·
Ladestasjonar for
El-bilar
· Siger i kampen om
Fitjar vgs.
· Høg aktivitet i
næringslivet
·
Stor innsats i
frivillig sektor
Fitjar framover
Eg er optimistisk når det gjeld Fitjar
kommune si framtid. Lokalsamfunnet vårt, og Sunnhordlands-regionen som me er
ein del av, har svært mykje godt å byggja på. Me har gode offentlege og private
tenester, rikt næringsliv og eit mangfald av arbeidsplassar rundt oss. Det
manglar heller ikkje på gode plassar å bu, eller kultur- og fritidsaktivitetar.
Alt dette gjer at eg med stort frimod
driv Fitjar-reklame mot unge familiar og andre som vil ha ein god stad å bu. Eg
håpar alle som er glade i Fitjar kan vera med og tala vel om bygda vår. Det kan
faktisk vera med å påverka korleis utviklinga hos oss vert framover.
Dei som gjer jobben
Dei som går inn og les heile
årsmeldinga til kommunen, vil sjå at Fitjar kommune som organisasjon har eit
svært omfattande arbeidsfelt. Det skal leverast livsviktige og gode tenester
til innbyggjarane 24 timar i døgeret, kvar einaste dag, heile året. Ingenting
av dette kjem av seg sjølv. Kommunen har ein stor flokk med trufaste og høgt
kompetente arbeidstakarar som står på for å levera. Eg reknar med å ha alle i
Fitjar med meg når eg rettar ei stor takk til rådmannen og medarbeidarane for
innsatsen dei har lagt ned for folket i Fitjar gjennom året 2019.
Venleg helsing
Harald Rydland, ordførar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar