Me har nett feira overgangen til eit nytt år. Då kan det passa seg med ei lita helsing frå meg som er så heldig at eg har fått tillit til å vera ordførar for denne flotte kommunen. Sidan valet i haust har eg hatt det travelt, men kjekt.
Det nye kommunestyret har fått etablert seg på ein god måte. Arbeidet er prega av høg tillit, engasjement og godt samarbeid. Kommunestyret har vedteke eit budsjett som viser optimisme og framtidstru for Fitjarbygda. Sjølv om det er knytt ein del uvisse til kommuneøkonomien framover, ynskjer kommunestyret å få fram at det er viktig å halda på dei gode tilboda me har i Fitjar så lenge det let seg. No ser me fram til eit nytt år med mange spennande oppgåver som ligg og ventar på oss. Ta kontakt med meg eller andre i kommunestyret om du har ei sak me bør sjå på.
Eg meiner at me som får bu i Fitjar er heldige. Noreg vert samla sett rekna for å vera det
beste landet i verda å bu i, og me i Fitjar har det slett ikkje dårlegare enn
folk elles i landet. No er det likevel slik at me alle har både gode og
dårlege dagar i liva våre. Nokre slit med både det eine og andre, og har langt
fleire dårlege enn gode dagar. Eg håpar
me som bur i Fitjar i året 2020 vil støtta og hjelpa kvarandre slik at dei
dårlege dagane vert færre. Det er ikkje
alltid så mykje som skal til for å gjera dagen eit hakk eller to bedre for ein
som treng vår støtte.
Til slutt vil eg gje eit godt råd. Dersom du ikkje har
fått med deg Kongen sin tale på nyttårsafta og barnebarnet hans, Maud Angelica,
sin minnetale for far sin, bør du henta dei fram og ta dei til deg. Dei to talane er ei oppkomme av kloke ord og
livsvisdom.
Eit godt nytt år vil eg ynskja til alle!
Venleg helsing Harald Rydland
![]() |
Utsikt frå Storhaugen Foto: Kjetil Rydland |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar